5080.no har bedt noen av årets mest fremtrendende personer om å gi sine oppsummeringer av 2013.

(Skjermdump: nrk.no)
(Skjermdump: nrk.no)

Av: Jon Hustad, skribent

Eg har gjeve ut ei bok i år. Javel, det er jo bra. Egoet mitt har est litt meir ut. Eg har nytta endå fleire skjellsord frå 1930-talet enn nokon gong før. Men der sluttar også lista over dei gode tinga eg har å seie om 2013.

For 2013 var eit krumkakejern av eit år. Eit dimlingår. Dumt tvers igjennom og jævlig. Det byrja jævlig og vart berre jævligare. Me blei ynskt velkommen til 2013 av Jens Stoltenberg, den fjottnissen. Mannen har jo ryggrad av aspikk og vett som ei ferist.

Innvandringa haldt fram gjennom heile året, til trass for at eg hadde sagt klart ifrå om konsekvensane, og forklart at innvandringstilhengjerar er julebrød og jyplingar. Med demografien går det som med hjortebakkelsane: Når ingen tek grep, vert dei ståande for lenge, og dei blir kolsvarte og uetande. Sjå på Sverige: Dei tok ikkje imot nordmenn under krigen for å vera «snille». Dei tok imot nordmenn fordi dei ikkje var somaliarar.

I 2013 fekk folk framleis pengar hjå NAV for lidingar som ikkje er godkjende av meg. Såkalla «diffuse lidingar». Eller Gummi-Tarzan-lidingar. Sjølv lir eg av stormannsgalskap, men har aldri motteke ei krone av staten for det. Eg klarer meg heilt fint utan. Faktisk best i heile Noreg. Har du lese skriveria mine? Dei viser at eg kjem til å få rett i mine profetiar innanfor ei rekke område. Det er berre å lese sjølv. Alt står der, svart på kvitt. Og dette har eg altså fått til utan hjelp frå NAV.

Velferdstaten Noreg er i ferd med å slå ut bornet med ostemysa. SSB har rekna på det, og bevisa er overveldande: Det løner seg ikkje med sjuke menneske. I dagens Noreg kan kven som helst gå til ein lege og få ei medisinsk vurdering. Det er jo galskap.

Dessutan har denne Eivind Trædal – eller kanskje eg skal seie soldat nr 77 i Stomperud – skrive fleire kronikkar dette året. Fyren er dum som ei tresleiv. Ein lutefisk. Han burde vise seg som den gardintrappa han er, og berre klappe att.

Og så meiner eg noko om Hellas. Desse adonisane har ikkje forstått eit pøkk. Og vil du høyra kva eg har å seie om EØS? Det er djevelskap. Til dømes kan ein polsk lege sjukemelde ein polakk som er heime ei helg, og han kan vera der eitt år utan at NAV eller norske legar kjem inn i bildet. Insentiva er så sterke at no lever alle polakkar på denne måten.

Og kva trur du eg meiner om rettsvesenet? Ein komedie! Som ei historie med Vangsgutane. Og denne pennen eg held i handa er dustete. Havet er for salt og solsystemet for lite lønsamt. Grønsaker bør veksa på tre og koreanarane er altfor korte. Kjerringa på andre sida av gata er ein porsjon vassgraut. Eg er best, ingen protest. Farvel 2013.

zoom